Eg undrar meg ofte over at kunnskapsarbeidarar, som lærarar og bibliotekarar, framleis vel å forhalde seg til kunnskapar og viten som noe som kan godkjennast og sementerast mellom to permar. Det nokre vel å kalle "ikkje kvalitetessikra," er i realiteten ofte ei spegling av det som skjer rundt oss, koss det skjer, og av farta det skjer i. Ingen redaksjon kan godkjenne dette, det må heile tida reforhandlast i lys av det som skjer med oss sjølve og alt det andre rundt oss. Wikipedia viser oss tydeleg plastisiteten i kunnskapsomgrepet, og dette bør reflekterast inn i kunnskapssynet vårt i skulen. Tekstane vi omgir oss med vil i aukande grad vere meir eller mindre i konstant endring, ulikt slik dei har vore frå Gutenberg og fram til no (men kan hende meir likt slik tekstane var i førgutenbergsk tid?), og det gjer det vanskeleg å tenkje kring kunnskapar slik vi har gjort dei siste par hundre åra.Nå finnes det jo former for kunnskap som er mer bestandig enn andre, men straks denne kunnskapen skal anvendes i praksis kommer evnen til å tenke dynamisk og innovativt inn for fullt. Så er det bare å håpe at dette får et visst gehør oppover i systemet...
Etiketter: Fremtidens læringsomgivelser, Læring, Undervisning
0 Kommentarer:
Legg inn en kommentar Tilbake