Tidlegare var omgrep som «like moglegheiter» og «mangfald» honnørord i tysk forsking. Elitesatsinga har innført nye honnørord; «differensiering», «fyrtårn» og «internasjonal konkurranse» er sentrale i det nye vokabularet. Konsekvensen av å satsa på fyrtårn er at dei mange i tysk forsking blir ofra, til fordel for satsing på ein liten, utvald kaste, meiner Münch.
- Politikaranes satsing på eliteinstitusjonar undergrev dei nasjonale føresetnadene for akademisk suksess. Satsinga hindrar konkurranse, mangfald og kreativitet, legg han til.
Münch trur sektoren som heilskap vil tapa på satsinga, fordi det ikkje lar seg planleggja kor særleg kreativ forsking kjem til å oppstå.
Etiketter: Forskning
0 Kommentarer:
Legg inn en kommentar Til forsiden